onsdag 22. oktober 2008

Uke 39

Måndag 22.sept.08
Hjortejakt stod det på planen. På grunn av sjukdom og skader var det berre to elevar denne dagen. Dei fekk vera med Rolf Loe på jakt. Dei gjekk i området rundt Preststølen som er ein av stølane til skulen.

Tysdag 23.sept.08
Open dag. Kvart år kjem dei som går i 10.klasse i Vossaområdet på besøk til alle dei vidaregåande skulane på Voss. Desse dagane var det me som skulle få besøk. Oppdraget eller målet for oss elevar her på skulen er å ”kapra” nye elevar til neste år. Me i 2.klasse på villmarkslina hadde laga til eit opplegg ute. Benjamin og dei som gjekk i 2v hadde laga til ein bildeserie frå turane dei hadde i fjor som me viste på ein dataskjerm under eit grindbygg ute. Me hadde og laga til med bål og sitteplassar rundt. Utpå dagen serverte me og pizza steikt på bålet. Nam! J

Me i 2v hadde ein kjekk dag og håpar at me fekk nokon nye søkarar.

Onsdag 24.sept.08
Påan igjen! Me starta der me slutta i går, med endå fleire 10.klassar på besøk. I dag hadde me og fisk som me serverte til dei. I tillegg til bileta som me viste og maten me serverte hadde me og spent opp ei line mellom to tre slik at dei som ville kunne få prøva det og. Det var mange blide og sprudlande gjester. Kanskje nokon me ser att til neste år?!




Torsdag 25.sept.08
Innedag. I dag har me vore inne og jobba. Me hadde ungdomsbedrift i dei 4 fyrste timane. Klassen vår har tenkt å laga ein kalender som produkt å selja med bilete som me har teke på turane våre. Håpar det vert bra! J
Etter lunsj var det tre timar norsk som stod på timeplanen. Me hadde om språk og språkhistorie.




Fredag 26.sept.08

Produksjon og tenesteyting. Guiding. Me hadde ansvaret for å laga til ein aktivitet for 1v. Det som var bestemt av lærarane var at det skulle vera ein elveaktivitet og at me skulle bruka heile skuledagen.
Me i 2v hadde bestemt oss for at me ville ta dei med på juv vandring. Det går ut på å vandre nedover elva, kun med våtdrakt, redningsvest og hjelm som hjelpemiddel. Me starta litt nedanfor Selheim og enda opp ved skytebanen på Bjørke.
Det var ein våt, litt kald og veldi kjekk tur! J
No er det haustferie!!