mandag 9. februar 2009

Veke 4 19.-23.januar.09



Me er godt i gang etter nyåret og med snøforholda er det vel berre naturleg at me tilbringe ein del tid i bakken. Me starta veka med ein dag i Bavallen, der me fekk prøvd oss på ulike leiarroller på tur. Tysdagen prøvde me oss ut på isen på Lønavatnet, men me hadde ikkje fiskelukka med oss denne dagen, så det blei berre 1 fisk. Onsdag og torsdag gjekk med til dei nødvendige teorifaga. Fredag er nok ein dag ute, og denne fredagen var det telemarkteknikk i bakken som stod på planen. Det var ein flott avslutning på ei kjekk veke J

Ingen kommentarer: