lørdag 23. februar 2008

VEKE 4 :)

Tirsdag 22.januar:

Jaktgruppa:

Timane før lunch vart brukt til diskusjonar og oppgåveløysingar om hjorteforvaltning. Dette var interessant og lærerikt.
Etter lunch drog alle opp til Høyland. Der følgde me skogsvegen oppover for å sjå etter spor i snøen frå forskjellige dyr. Spor som vart observert var spor frå hare, rev og hjort:) Ein lærerik dag!

Brattgruppa:

TOPPTUR-DIKT!

Denne dag dei berre to elevar var,
men likevel oppover det bar.
Frå Myrkdalen dei gjekk,
med kvar sin dagstur sekk.
På Finnbunutens topp,
der var det stopp!
Ein flott utsikt dei hadde fått,
hadde det berre ikkje vore så grått.
Ned att dei sklei med stor fart,
slik at nokon også datt.
Reiste seg oppatt dei gjor,
og ned til riksvegen dei for!
Ein moro dag dei hadde hatt,
sjølv om det på turen ikkje var særleg flatt:)

Onsdag 23.januar:

Klassen drog opp til Bavallen. Alle hadde tur-/fjellski denne dagen.
Me tok Expressheisen opp til toppen, og sklei ned til Slettafjellet. Der hadde me gjennomgong av utstyr me måtte ha med oss på turen til Hallingskeid i veke 5. Me skrei eit par turar før me tok lunch.
Etter lunch lært dei som har Bratt friluftsliv dei andre om skred. Me forestilte oss at det hadde gått eit skred og foretok forskjellige søk i "skredet". Dette var moro og lærerikt:)

Torsdag 24.januar:

Denne dagen forbereda me og planla turen til Hallingskeid. Me gjekk saman i dei oppsette gruppene og planlagde mat og kven som skulle gjere kva. Me gjekk gjennom litt forskjellig utstyr og fordelte dette.
Me la også inn kart og punkt på GPS`ane.

Dette var ei kjekk veke, og læringsutbyttet var bra!

Skrive av Britt-Mari

Ingen kommentarer: