fredag 15. februar 2008

Lønahorgi


Lønahorgi er eit av Voss sine høgaste fjell, det er 1410moh.

Viss du skal på ski tur til Lønahorgi og ski trekke er oppe kan du ta trekket opp til Horgaletten(som er over 1000moh), og gå der i frå, då blir ikkje turen veldi lang, men viss du vil gå ein lang tur kan du gå ifrå bavallen det er eit stykke lengre. Turen opp til Lønahorgi er ein suveren topptur, i vertfall for folk som ikkje er so vande me å gå i fjellet. Viss du ikkje vil gå på beina opp over heisane kan du benytta deg med heisane. Du kan gå på Lønahorgi både med og utan ski, men på vinteren bør du enten bruka ski eller truger. Du kan og gå til Lønahorgi frå andre stadar enn bavallen, men eg er ikkje så kjende me dei andre plassane. Eg veit i vertfall at det går an å gå i frå vikafjellet, det er mange som går der i frå og.

Oppe på Lønahorgi er det ein utruleg fin utsikt, der du kan sjå nesten over heile Voss og utover Sogn.toppen er det ei stor mast(sjå bilete). Å gå på tur til Lønahorgi er noko du bør prøva er du på Voss, det er ei fin oppleving.



skreve av: Mariann

Ingen kommentarer: