søndag 9. desember 2007

Veke 49


Tysdag 04. Desember


Bratt-gruppa var på ski på Vikafjellet. Det var meint som ein topptur, men det endte med ein del knall og fall og lunsj midt i bakken. Ein kan vel seie at det tok litt tid før skikunnskapane vart friska opp i (i allefall hos nokon!). Etter at det var gjort leikte nokon seg på skavlane mens andre konsentrerte seg om å halda seg på beina. Undervegs hadde me òg litt repitisjon i skredkjennskapen vår. Det vart testing i skredfare og forskning på snølag.

Jakt og fiske-gruppa var på jakt. Det var litt tynt oppmøte, men kos vart det likevel. Dei to som var der fekk gå åleine. Dei såg ikkje noko vilt, så høgdepunktet vart pause med te-drikking og niste.


Onsdag 05. Desember


Klassen var samla. Dagen byrja inne med opplæring i blogging. Etter fyrste pause gjekk me ut og skulle leike eksamen; ein elev skulle tenne bål, mens to var sensorar, ein for det pedagogiske og ein skulle måle kunnskapen. Bålene vart betre og betre ettersom me lærde av kvarandre sine feil. Dagen vart avslutta med knutar. Me skulle alle lære dei andre i klassen ein knute.


Torsdag 06. Desember


I dag var klassen delt igjen. Halvparten hadde hest og dei andre hadde mekanikk. Dei som hadde hest fekk lære litt om klyvjing. Fyrst fekk me sjå ein film om korleis dei brukte hestane før i tida. Så fekk me høyre litt ulike historier med hestar og klyvjing i. Dette haldt fram til lunsj. Dei siste timane fekk me sjølve prøve å laste bagasje på hesten og sjå hesten sine rørsler i terrenget. Me fekk og merke at det var veldig viktig å ha like mykje bagasje på begge sider.

Gruppa som hadde mekanikk fekk mykje spenning i ein vanleg skuledag. Dei fekk fyrst i oppgåve å fylle olje på bilane til lærarane. For å kunnne gjere dette måtte dei sjølvsagt låne bilnyklane, og det tok ikkje lang tid før knippe til mattelæraren var sporlaust forsvunne. Etter å ha lett i sju lange og sju breide hadde dei nesten gitt opp å finne dei att. Det var ikkje før bosset skulle tømmast at dei kom til rette. Like før hadde to elevar knust ein lampe til ein verdi av 5000 kr og ein bil hadde fått symje i olje. Det var nok både ein lærerik og nervepirrande dag.

Ingen kommentarer: