tirsdag 29. april 2008

Blogg frå veke 14

Denne veka starta vi med andre del av artskunnskapsprøven. Vi hadde ti nye fuglelydar å bli testa i. Dette har ikkje alle vert like positiv til, men det gjekk no bra med dei fleste trur eg.
Så var vi jo på tur med Fusa elever forrige veke og den turen har vi no evaluert. Vi snakka om kva vi gjorde bra/dårleg og kva vi kunne ha forbetra oss i. Dette var jo ein organisert tur for ei anna gruppe så var lurt å evaluere dette opplegget.
Ein dag i veka har vi jo prosjekt til fordjupning. Då var dei som har bratt friluftsliv på topptur og dei som har jakt og fiske på isfiske på Lønavatnet. Mens vi tre som har kjemi og matte som fordjupningsfag sat i klasserommet og tok til oss kunnskap.

Ingen kommentarer: