onsdag 18. mars 2009

Uke 11

Denne veka har nesten berre vorte brukt til praktiske fag. Måndagen brukte me til hjorteforvaltning. Tysdagen var me i Grieghallen på Ungdoms Bedrift konkurranse. Halve onsdagen hadde me fag, resten av dagen brukte me på dei siste forberedelsane til snøholeturen med Fusa.
Onsdag ettermiddag kom 9 elevar og 2 lærarar frå Fusa Vidaregåande skule som skulle vera med oss på snøholetur. Me hadde ei teoriøkt for dei der me lærte dei om det å vera på tur om vinteren og korleis ein skal bygga ei snøhola. Torsdag morgon var alle pakka og klare for snøholetur. Sjølv om været ikkje var heilt topp, blei det snøhole tur likevel! Me haldt til i ein fin skavl ikkje langt frå Røde Kors hytta. Alle fekk bygd fine snøholer og alle sov i dei. Sjølv om det kom masse snø og mange var våte og kalde, var humøret på plass heile tida. Men alle var nok glade når me kom tilbake til Hangur-restauranten på fredagen og visste at det ikkje var lenge før me var nede igjen.
Alle hadde ein kjekk tur!

Ingen kommentarer: