mandag 19. november 2007

Veke 45

Måndag 5/11: Me hadde vanlege allmennfag (gym,engelsk, klassens time og studietimar), i tillegg tok me klassebilete...

Tysdag 6/11: Denne dagen hadde me prosjekt til fordjupning. Klassen er delt i tre når me har PTF. Tre av elevane (Katrine, Kristin og David) har utivida matte og kjemi, fem av elevane (Heidi, Mariann, Britt-Mari, Eigil og Lee) har fordjupning i jakt&fiske, medan resten av elevane (Lise, Ylva, Liselotte, Jonny og Johannes) har fordjupning i bratt friluftsliv.
Dei som hadde bratt friluftsliv, var denne dagen på Hanguren og laga sti.
Me som hadde jakt&fiske var på jakt på Preststølen. Det var hovudsakeleg hjortajakt, der alle elevane råka og to lærare satt på post. I tillegg hadde Britt-Mari hagla med seg, i tilfelle ho kom over skogsfugl når dei råka. Men ho såg ingen fugl, men det gjorde Eigil, Lee og Rolf...:P Me hadde to råk, før me åt lunch. På desse to råka var det ingen av oss som såg hjort. Etter lunch hadde me eit nytt råk. Denne gongen kom det tre hjorta rett forbi Britt-Mari. Lee, Eigil og Rolf såg også desse hjortane, men Rolf fekk ikkje skotposisjon. Me tok eit lite råk til, der me skulle prøva å driva hjortane opp til der som Rolf og Harald satt på post. Men det var eit mislykka forsøk... No var klokka blitt så mykje at me måtte gå ner att til bilen og køyre tilbake til skulen...

Onsdag 7/11: I dei 4 første timane hadde me om orientering. I dei to første timane var me inne og løyste oppgåver om kart, kompass og orientering, og i dei to neste var me ute i Bømoen på orientering. I Bømoen skulle me vera to og to i lag og kvart par skulle setja ut ein post, som eit anna par skulle ta inn att.
Etter lunch hadde me tre timar med Levande Skog. Levande skog er eit brevkurs der me har hatt 3 undervisningsøkter, og der me etter kvar økt må løysa eitt oppgåvesett. Denne dagen var den siste undervisningsdagen med Levande Skog, no har me berre ein utedag att til våren. Etter dette, får me eit kursbevis.

Torsdag 8/11: Denne dagen var klassen delt i to. Den eine delen hadde hestefag (Lee, Eigil, Kristin, Heidi, Mariann og Britt-Mari). Den andre hadde om skipreparering (Lise, Liselotte, Ylva, Katrine, Jonny, David og Johannes).
Me som hadde hest, brukte dei 4 første timane til å få ein innføring i køyring med hest. Me lærte om køyreselen og korleis den skulle sitja riktig på hesten, og korleis me skulle køyra. Me var inne i ridehallen, med hestane Knuto og Vossa-Frigg.
I dei 3 siste timane fekk me ein innføring i korleis me skulle ri på hesten. Me fekk ei hestajenta kvar, frå 2H, som instruktør. Me lærte å sala på hesten og å ri. Me ridde rundt i ridehallen. Etter me var ferdige, såg me på når jentena frå 2H ridde og hoppa over hinder...

Fredag 9/11: Fredag er teoridag med allmennfag (norsk, økonomi, UB og samfunnsfag). I samfunnsfagtimane kom ei dama frå skatteetaten som fortalde oss om svart arbeid...:P

Ingen kommentarer: